Shipping

Lynmann
31.03.2022 kl 23:09 17222


Konfirmanten fekk ikkje pengar i fjor, men noko mykje betre - aksjar i Awilco - til kurs 2,87. Delvis er det den innsiktsfulle delen av forumet å takka for dette. Første kjøp kom før sommaren på kr. 1,95. Mange takk!

Denne tråden er eit forsøk på å samla faktabasert informasjon. Respekt for profesjonelle analytikarar skal ein ha, men også dei tek feil. Heller ikkje analytikarar kan spå vinterværet i Asia. Når det gjeld den kortsiktige utviklinga i LNG-markedet, er FLEX LNG med sine 13 skip ein verdifull indikator. For den som pushar hardt på dagleg basis – aksjonærane i ALNG må vera dei mest nervøse på heile børsen - er det verdt å følgja med på korleis New York avsluttar dagen. www.barrons.com/market-data/stocks/flng

For oss vanlege folk, kjem ein langt gjennom å følgja Fearnley sine oppdateringar på vekesbasis.
Fearnleys Weekly Report (fearnpulse.com)

Det var den som løfta begge aksjar kl. 15.30 i dag. Under pågåande kontraktsforhandlingar for leiinga i Awilco, må det vera fantastisk å få stadfesta nivået på vel USD 100.000 pr dag!
Spørsmålet er: Kva forutsetningar må slå inn før ALNG når 10 kroner? Selskapet må vurderast til 1,3 milliardar kroner - dette for eit selskap med ei (tidlegare) problematisk milliardgjeld.

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.