Gull og gruve

Boss 99
15.11.2022 kl 08:35 9632

Miljøorganisasjonar saksøkjer staten for å stanse gruveavfall i Førdefjorden.
https://www.firda.no/miljoorganisasjonar-saksokjer-staten-for-a-stanse-gruveavfall-i-fordefjorden/s/5-15-1481815

Natur og Ungdom (NO) og Naturvernforbundet stemnar staten i håp om å stanse deponering av gruveavfall i Førdefjorden.
Stemninga blir levert tysdag, opplyser NU. Organisasjonane meiner at løyvet som vart gitt i 2015, ikkje inkluderte ein plan for handtering av gruveavfallet, og at det bryt med EUs mineralavfallsdirektiv og avfallsforskrifta.

Det er advokatfirmaet CMS Kluge som skal føre saka for miljøorganisasjonane. Søksmålet blir bygd på følgande rettslege innvendingar:

Løyva byggjer på ei feilaktig forståing av EØS-rettslege miljøkrav
Det finst eit betre alternativ som forvaltninga var forplikta til å greie ut og vurdere
Miljøkonsekvensane vil bli meir alvorlege enn det som er føresett i løyva
– Ei så kraftig forureining av fjorden bryt klart med forbodet mot degradering av vasskvaliteten, seier leiar Gina Gylver i Natur og Ungdom.

Selskapet Nordic Mining skal vinne ut titanmineralet rutil frå Engebøfjellet, som ligg på nordsida av Førdefjorden i Naustdal i Sunnfjord kommune i Vestland.

Restmassane frå rutilproduksjonen skal deponerast på vel 300 meters djup i Førdefjorden, noko som har utløyst kraftige protestar frå miljørørsla.

Rutil blir hovudsakleg nytta til produksjon av miljøvennleg pigment eller som råstoff til titanmetall. Forskingsstiftinga SINTEF har tidlegare anslått at prosjektet kan gi 170 arbeidsplassar direkte knytt til produksjonen som er anslått til å gå føre seg i 50 år.
Redigert 15.11.2022 kl 08:39

Rapportér innlegg

Vennligst skriv inn kommentar på hva du mener er upassende og trykk send. Dersom kommentar ikke er nødvendig, vennligst trykk send direkte.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.
E-postadressen brukes kun for å få kontakt med deg i forbindelse med advarselen.