Awilco og LNG-markedet mot 2025

Lynmann
31.03.2022 kl 23:09 63297


Konfirmanten fekk ikkje pengar i fjor, men noko mykje betre - aksjar i Awilco - til kurs 2,87. Delvis er det den innsiktsfulle delen av forumet å takka for dette. Første kjøp kom før sommaren på kr. 1,95. Mange takk!

Denne tråden er eit forsøk på å samla faktabasert informasjon. Respekt for profesjonelle analytikarar skal ein ha, men også dei tek feil. Heller ikkje analytikarar kan spå vinterværet i Asia. Når det gjeld den kortsiktige utviklinga i LNG-markedet, er FLEX LNG med sine 13 skip ein verdifull indikator. For den som pushar hardt på dagleg basis – aksjonærane i ALNG må vera dei mest nervøse på heile børsen - er det verdt å følgja med på korleis New York avsluttar dagen. www.barrons.com/market-data/stocks/flng

For oss vanlege folk, kjem ein langt gjennom å følgja Fearnley sine oppdateringar på vekesbasis.
Fearnleys Weekly Report (fearnpulse.com)

Det var den som løfta begge aksjar kl. 15.30 i dag. Under pågåande kontraktsforhandlingar for leiinga i Awilco, må det vera fantastisk å få stadfesta nivået på vel USD 100.000 pr dag!
Spørsmålet er: Kva forutsetningar må slå inn før ALNG når 10 kroner? Selskapet må vurderast til 1,3 milliardar kroner - dette for eit selskap med ei (tidlegare) problematisk milliardgjeld.
Lynmann
19.08.2022 kl 18:41 4438

The crew on WilForce and WilPride planned another match in Cadiz in the beginning of next month in connection with upgrade of the motors. The new 6 month contract for WilPride resulted in cancellation of the game. Capt. Praggnan has promised to be back with more information.
Relevant information.
Quendi
20.08.2022 kl 01:09 4449

https://splash247.com/awilco-lng-joins-golar-and-eastern-pacific-lng-venture/

Awilco är som sagt ägare i CoolCo och ser god potential i sällskapet, som för tillfället är väldigt undervärderat. Efter 1 september, Cools första riktiga rapport, kommer det inte vara lika billigt med aktier där.
Lynmann
24.08.2022 kl 22:03 4141

Litt sjølvkritikk: Som Statnett sine prognoser for straumprisen er ikkje prognoser betre enn forutsetningane.
Q2 enda heldigvis på null og ikkje med tap med mine forutsetningar.

Kvartalsrapporten er interessant:
• Awilco LNG achieved a net zero result for second quarter, down from a net result of USD 6.0 million in first quarter 2022
• In June the Company sold its holding of 700,000 shares in Cool Co Ltd. at a net proceed of USD 6.8 million"

Vidare er det WilPride som skal inn i 3-års kontrakten i desember.
Også Q3 kan enda litt betre enn estimert, men Awilco kjem ikkje unna å rapportera eit tap 27. november. I beste fall på 1.5 mill dollar, under forutsetning at WilPride får eit oppdrag i morgon den dag. Til dagens nye rate frå Fearnley på usd 80k/dag.

Meir sannsynleg for Q3/22 er usd -3 mill; 8 millionar dollar under Q3/21 på usd 5.1M.
Q4 er heller ikkje gitt, på tross av at WilForce er sikra fantastiske usd 110k kvar dag gjennom kvartalet. Det er to utfordringar før den flotte 3-års kontrakten i desember:
• Starttidspunktet gir WilPride problem med å få meir enn ein tur i Q4.
• Vidare er det ikkje gitt at oppdragsgivar initierar kontrakten allerede 1.desember.

Awilco bør likevel kopiera Q4/21 slik at selskapet i slutten av februar kan meddela markedet eit 2022-resultat på usd 8M; 13 millionar under 2021 resultatet på usd 21.1M.

Den viktige triggeren for vidare kursutvikling vert dermed oppfølgjaren til kontrakten som går ut 10.februar. Langtidskontrakt er vel avhengig av forutgåande “EU-kontroll” for WilForce?

Aksjeposten i Cool:
Det ser ut som om den finansielle situasjonen i juni tvinga Awilco til å selgja aksjeposten i Cool. Kvifor skulle ellers selskapet selgja lukurative aksjar med potensial for 50% “sikker” verdistigning?

Brannen ved Freeport innleia eit elendig spotmarked. Det var sjølvsagt positivt med 3-årskontrakten, men samtidig ga den ei form for binding heilt fram til desember. Binding til ratar som i juni var heilt nede på tapsnivå iflg. Fearnley. Med desse utsiktene samt eit Q3 i vente med ~8 millionar dollar dårlegare resultat enn Q3/21 var det kanskje ikkje så rart at selskapet sa ja til eit tilbod om å casha ut posten i Cool Company.

WilForce ligg framleis utenfor Cadiz. Over 100 dagar uten inntekta i fjor på daglege 78.000 dollar pr dag. 8 millionar dollar ned samanlikna med fjorårsinntektene – og alt grunna Freeport.
Redigert 24.08.2022 kl 22:06 Du må logge inn for å svare
SuperSeven
25.08.2022 kl 12:31 4047

Kan vi ikke bare konkludere med at det er på tide å ta gevinst og så finne andre investeringsalternativer?
Redigert 25.08.2022 kl 12:31 Du må logge inn for å svare
DividendYield
25.08.2022 kl 14:22 4021

Takk igjen for dine informative og balansert innlegg lynmann. En lærer mye om gassmarkedet av å lese dem.
Forumet trenger flere slike innlegg. Nå har vi mistet den gode mpcc tråden også 😔

Om folk er uenige i innholdet er det fint om dere påpeker hva som er feil. Liker du ikke budskapet er det bare å la være å kommentere. Ingen er tjent med feil info på lengre sikt.
Lynmann
31.08.2022 kl 23:18 3806

Status for båtane:
• WilForce nærmar seg Damietta for første påfyll under halvårskontrakten. Etter 40 dagar med lommetennis i kvartal 3, kjem no 50 dagar med innbringande usd 110k pr dag.

• WilPride nærmar seg Suez, 50 dagar etter levering Kuwait 9.juli. 3-års kontrakten på usd 90k pr dag startar ein eller annen dag i desember. No gjeld det å hanka inn ei last i september, ellers endar Q3 med 60 dagars inntekt, 120 dagars lediggang.

Fearnley auka i dag ratane på 60 /80 /135k med 3-5.000 dollar.
Positivt, men Freeport melder om nok ein månad før dei kjem i gang igjen.

-Houston, TX, August 23, 2022 –
“it is anticipated that initial production can commence in early to mid-November, and ramp up to a sustained level of at least 2 BCF per day by the end of November, representing over 85% of the export capacity of the facility.”

1 BCFD, 1 Billion Cubic Feet per day, tilsvarar gjennom eit år ca. 100 laster med LNG.
15 – 20 båtar får dermed ikkje last i oktober. Sånn sett merkverdig at ratane for «West of Suez» gjekk opp frå 80 til 85k pr dag.

Og der, passerte EU 80 prosents fyllingsgrad!
Gas Infrastructure Europe - AGSI+ (gie.eu)

Med enkelte bidrag frå Melkøya:

6.juni: Arctic Voyager gjenopna Melkøya med ein 4 dagars tur til Skagen
16.juni: Arctic Lady til England
20.juni: Arctic Discoverer til Italia
26.juni Arctic Princess gjekk til Litauen
30.juni: LNG Endeavour til Argentina
7.juli: Cool Runner til Bretagne
10.juli: Arctic Princess
15. Juli: Arctic Lady til Gravelines
20.juli: Arctic Voyager til Fos-Su-Meir
26.7 Arctic Aurora til Skagen
29. Juli: Arctic Lady til Montoir
5.8: Arctic Discoverer til Rotterdam
9.8 August: Arctic Princess
14.8 Stena Clear sky til Nantes
24.8 Arctic Voyager til Skagen
28.8: Arctic Lady mot Dunkirk

Denne takten er om lag tredjeparten av Freeport.

Spennande dag i morgon for Cool og alle medeigarar av:
Golar Crystal
Golar Ice
Golar Kelvin
Golar Bear
Golar Frost
Golar Glacier
Golar Seal
Golar Snow

Skal me tippa på akseptable usd 15M etter godt belegg i Q2?
Q3 ser veldig lovande ut med nært fullt belagte båtar i juli og august.
rammern
01.09.2022 kl 13:31 3750

rammern skrev Innlegget er slettet
Kjøpet
Lynmann
01.09.2022 kl 14:05 3738

Intresant
rammern
02.09.2022 kl 00:36 3710

Kursmål 10 ,- på ALNG nå ?
rammern
02.09.2022 kl 00:38 3711

Kursmål på cool ?
Utbytter fra selskapene har du tanker rundt det ?
Redigert 02.09.2022 kl 00:41 Du må logge inn for å svare
Lynmann
03.09.2022 kl 12:10 3709

"Skal me tippa på akseptable usd 15M etter godt belegg i Q2? Q3 ser veldig lovande ut med nær fullt belagte båtar i juli og august."

Ei bra veke der markedet responderte med det store gjennombrotet for Cool Company.
Fasit frå halvårsrapporten vart usd 17,6M for 1.halvår. Med frådrag av overskotet for første kvartal på ein million dollar, burde usd 16.6M vera representativt som netto for Q2.

Litt rekning må til før tipping av Q3.
Alle piler peikar oppover for Cool etter rekordomsetning på børsen i går på 23 millionar kroner og All Time High, men Freeport vil også påvirka Q3 for Cool negativt.

Frå halvårsrapporten:
• Utilization for the period: 98%.
• Freeport: An explosion at Freeport LNG in the US on June 8, 2022 and the consequent temporary loss of 15 million tons of LNG capacity released the vessels serving this facility into the short-term market. TFDE spot rates dropped by close to 30% the following week.
• Markedsutvikling: Incremental volumes from the start up and ramp up of operations at Calcasieu Pass and Coral FLNG in Mozambique will not come close to replacing the volumes lost from Freeport. Spot rates continued to fall as a result, with TFDE rates dropping to $50k per day by June 30.

I tillegg eit interessant poeng: “As more US cargoes headed for Europe, congestion at the fully utilized European receiving terminals began to increase.”
www.nordnet.no/market/news/1006292235

Ikkje så rart med dette store fokuset på Freeport, med nesten 4 % av verdenseksporten pr båt.
17 lass pr mnd vart levert gjennom første halvår, forsvann for eit kvartal - og no er altså re-start forsinka med nok ein månad.

Det var Calcasieu Pass som skulle stå for ein stor del av veksten frå USA i år. Frå ¾ lass pr veke første halvår har takten siste månad kun vore eit lass pr veke. Mindre enn Melkøya leverar. LNG-flåten på 600 skip tapte 85 turar etter brannen, berre halvparten vart kompensert av Melkøya og Calcasieu Pass.

Med dei nye miljøkrav i 2023 vil det framleis vera behov for dei ca. 200 gamle skip i “Moss-klassen”
på 125.000 m3. Dei gamle skip står bakerst i køen i kampen om dei langsiktige kontraktane. Kapasiteten er stor, nesten ein fjerdedel av verdensflåten eller 25 millionar m3. Markedet har behov for desse båtane ein del år enno. Det ligg ikkje an til ein stor ubalanse i markedet inn i 2023. Heldigvis for våre norske båtar er frykten for nye miljøkrav så stor at alle aktørar føler dei MÅ sikra seg langtidskontraktar med våre moderne skip. Det sikra først Flex gode avtalar og inntening, no Cool og snart Awilco når eit elendig Q3 er tilbakelagt.
Lynmann
07.09.2022 kl 16:20 3512

Spørsmål til Clarksons'
we believe that
• spot LNG freight rates could soar to $200,000/day this winter as Asian buyers seek to fill spot LNG demand.
• At the same time, the completion of the US Calcasieu Pass plant ramp-up, greater production from Egypt, the restoration of the Freeport LNG plant from the outage, and the startup of Mozambique's Coral South FLNG should boost global LNG supply growth.

Her er det raskt å ta for masse Møllers tran.

Ja, Asia vil kjøpa gass til vinteren, det vil driva opp prisen på gass. Men kvifor høgare pris på transporten om der er plenty ledige båtar i markedet?
Ja, det kjem meir gass i markedet, men har ikkje flåten kapasitet til å ta i mot det ekstra volum?

Det er tid for litt rekning. Eller estimering, rettare sagt. Du får konklusjonen med ein gong: Amatøren konkluderar framleis med at LNGC-kapasiteten meir enn håndterar veksten i produksjon både i vinter og neste år.

Faktorar for den spesielt interesserte:

1. Tilveksten av skip:
Av forventa 32 nye skip til markedet i år, er 21 levert. 11- to- go. 43 nye skip er forventa neste år, meir enn nok til å ivareta auka produksjon?

2. Gamle skip til hogging:
Iflg. Clarksons er 300 gamle skip gått til hogging i år. Men berre eit -1- skip som frakta LNG! (Kvifor ikkje fleire enn eit?)

3. 2023-veksten i produksjon av LNG for eksport:
I 2023 vil USA eksportera ca 1Bcf/dag over nivået på slutten av dette år. Dette tilsvarar 100 lass ekstra, noko 10 båtar i skytteltrafikk den kortare veien til Europa håndterar. Men det kjem altså til 43 nye skip i 2023.

USA står for ca. 20% av eksporten, herav Freeport LNG for ein femtedel. Eller 4% av den globale eksport. Freeport kjem i gang igjen mot slutten av året og noko meir gass kjem frå Calcasieu. Dei nye båtar i markedet i år håndterar langt på vei denne tilførselen, men ikkje fullt ut.
4. Fleire skip har gått den kortare veien frå USA til Europa.
Av ein global flåte på 600 skip kan denne effekten estimerast til behov for ein prosent færre skip.

5. Større skip fraktar fleire kubikk.
Halvårsstatistikken frå USA viste at det var behov for færre skip fordi kvart skip i gjennomsnitt frakta 6% fleire tonn enn snittet for 2021. Merk at dette ikkje gjeld eksport frå Qatar som allerede er betjent av ein flåte av megaskip som fraktar over 200.000 m3. Ei delforklaring er også at 7 skip på 125.000 m3 gjekk til hogging i fjor og vart erstatta av større skip.

“The average capacity of vessels delivered (excluding FSRUs and ships of less than 50,000 cubic meters) amounted to 174,897 cubic meter”.
Frå GIIGNL2022_Annual_Report_May24.pdf

6. Effekten av nye miljøkrav: 25% av den globale flåte brukar kanskje 5 dagar eller 14% lengre tid på rundturen. Dette representerar tapt fraktekapasitet på 3.5%.

Då er det vel berre å summera og subtrahera?
Spekulasjonen er basert på:

200 skip i “Moss-klassen” er på ca. 125.000 m3. Total kapasitet: 25 millionar kubikkmeter.
130 skip i Awilco/Cool klassen på ca. 160.000 m3. 21 mill m3.
250 skip i “Flex-klassen” på 175.000 m3. 44 mill m3.
50 store skip i “Qatar-klassen” på 225.000 m3. 11 mill m3.
630 skip har samla kapasitet på 101 mill m3. Snitt: 160.000 m3.

Moss-klassen (litt urettferdig uttrykk) står for 25% av kapasiteten.
Med 6.000 turar på årsbasis for ein flåte på 600 båtar må ein tredjedel av desse, møta nye krav til utslepp gjennom – la oss sei - 2 knop redusert fart.

På 14 knop brukar desse båtane 35 dagar pr tur mellom Texas og Europa, med 25 dagar i sjøen og 10 dagar på venting / fylling / lossing. Med kapasitet 20% under gjennomsnittet for verdensflåten på 160.000 m3, kor mange skip krevst for å kompensera dei tapte tonn-mil?

Rystad Energy har det lange 2030-perspektivet:
LNG vessel demand will increase from approximately 2trn ton-miles in 2020 to 4trn ton-miles in 2030.
Lynmann
08.09.2022 kl 23:58 3463

Om nokon tilfeldigvis er interessert i straum, var netto eksport frå Nord-Norge 6.9 TWh i første halvår. Netto eksport frå Sør-Norge var kun 1.9 TWh. Kva betyr dette, målt ved LNG og våre båtar?

Spetalen var på NRK Debatten i går. Generelt har han mange gode perspektiv på macro, men ikkje alt er like korrekt i straumdebatten.

Kablane til utlandet er gjenstand for intensiv interesse. For Norge handlar det om nettverket og me er brukbart utrusta. Fokuset er på dei to siste samband med Tyskland og England, mens dei 15 forrige hovedsakleg til Sverige og Danmark, har liten plass i debatten.

Ved starten av 2. halvår i fjor hadde me normal fylling av våre vannmagasin. Sommaren kom med fantastiske temperaturar, noko som førde til at resterande snømengde i fjella havna ikkje inn i våre vannmagasin, men for det meste fordampa. Lite regn i Sør-Norge på hausten gjorde at me havna langt under normalen i magasinfylling. Lite vind i Europa, politikken med nedleggjing av atomkraftverk og Puta sin struping av gasseksporten ga så aukande press på gassprisen.

Leve Toten politikk tilseier at me har nok med oss sjølve, produserar nok straum og kunne løysa våre energibehov ved å isolera oss. Men av og til kjem to tørre sesongar og ein sjelden gong ein pandemi eller ein perfekt storm. Me har nok fisk og olje, men me har behov for å importera medisinar i ein pandemi. Som me til dagleg er avhengig av omverda på dei fleste andre område.

Det er me tidvis også på energi. Raffinering av oljeprodukt som bensin og diesel. Til og med straum! Var me «Europas batteri» hadde me vel ikkje behov for import av milliardar av timar med kiloWatt? Millionar av timar med MegaWatt? Kapasiteten på ein kabel er 700 MW og på ein time er altså den overførte energi 700 MWh. Ein velfyllt WilForce fraktar same energi som full fart på kabelen frå Feda i Agder til Nederland i halvannen månad.

Denne veke har me eksportert ein del straum; me kan ikkje la vatn som ikkje går til magasinering renna rett ut i sjøen. Importen har likevel vore dobbelt så stor som importen.

Netto er det importert 70 GWh siste veke.
Tyskland har netto «fått» 27GWh.
Derimot er netto import frå Danmark 7 GWh og me har fått overført heile 85 GWh frå QEII’s England.

I tillegg må nevnast kabelen til Nederland (ikkje i drift pga vedlikehald). På vindfulle dagar får me nærmast gratis vindkraft inn frå Danmark, som me køyrer vidare til Nederland nattestid. Det kan me gjera fordi me har distribusjonsnettet! Ikkje berre har me denne fantastiske kapasiteten til å magasinera nedbør; me pumpar også vatn tilbake til dammen når straumprisen er låg!

Bergensområdet fekk for 10 år sidan løyst forsyningsproblemet via «monstermastene» gjennom Hardanger. Underskotet i Midt-Norge vart løyst med vindkraft.

Netto eksport frå Sør-Norge var 1.9 TWh i første halvår. Produksjonen var totalt ca. 75 TWh mens vårt forbruk var 68. Kvifor la 7 TWh gå på havet om me kunne tena ei krone pr eksportert kWh, 7 milliardar kroner? Det finansierar 35 kilometer med ny 4-felts veg. Eller 7.000 nye, streikevillige lærarar eller sjukepleiarar. Med vår feite, ineffektive offentlege sektor må me utnytta ressursane som me har, men kva har dette med LNG-markedet å gjera?

Også innen gass har våre verdensledande ingeniørar evna å utnytta våre naturressursar.
«Våre» båtar fraktar 156.000 m3. Litt mindre enn Flex sine båtar. 179.100 m3 LNG tilsvarar nøyaktig energimengden 1 TWh, omtrent som årsforbruket til Drammen.

Sidan re-start av Melkøya i juni har me via kabel netto eksportert 1 ½ TWh til Danmark. I same periode er det levert tre LNG-laster til Danmark, i underkant av 2 ½ TWh. Vår posisjon som energiprodusent er fantastisk. Å strupa våre veier til markedet er å gå baklengs inn i framtida.

Dei store tal: EU har no passert 82.5% av kapasiteten til å lagra gass eller vel 900 TWh. Danmark kan til samanlikning lagra ca. 9 TWh. Omtrent som den samla kapasitet til Awilco og Cool sine båtar eller halve flåten til Flex.
rammern
09.09.2022 kl 07:29 3410

Takk for den :) . Vet du noe om kostnadene ved å lagre LNG ?
rammern
12.09.2022 kl 14:05 3266

Ble kanskje litt utenom området du vurderer , eller ?
Lynmann
12.09.2022 kl 15:32 3234

Her kunne du ha oppretta nok ein tråd. Den sjette på kort tid?

15 innlegg à ein setning, motdebattantar tillagt feilaktige synspunkt. Dette er spam.
Trur du trådane du infiserar vert betrakta som positive bidrag til forumet på Finansavisen?
Eit par hundre lesarar er på leiting fleire gonger pr dag etter nyttig informasjon som grunnlag for kjøp- og salgsbeslutningar.
Du sørgjer for at lesarane må innom ei heil rekkje unødvendige trådar for å halda seg oppdatert.
I tillegg til direkte spam er du dermed også den største tidstjuven på forumet.
Du kan spara eit par hundre lesarar for masse tid gjennom å oppretta ein eigen 'Dagens Spammern' tråd eller liknande.

Ellers var det hyggjeleg med ein ekstra tur for WilPride som har gått ledig sidan 10.juli. Med usd 100.000 pr dag ut dette kvartal vert underskotet redusert til "kun" ein million dollar i Q3. Så spørst det når i desember den daglege rate på usd 90k pr dag startar. Sjølv om den i verste fall startar 31.desember, sørgjer daglege 110.000 dollar frå halvårskontrakten til WilForce for at Q4 balanserar. Deretter vil det netto rulla inn ein million kroner kvar dag fram til 10.februar, der me håpar på enno betre dagsratar på toppen av 3-års kontrakten til WilPride.
Estimatet for 2022: Halvering av 2021-resultatet på usd 21M?
Lynmann
22.09.2022 kl 09:58 2792

400 lesarar, imponerande, beklagar casen på tråden.

EU har nådd imponerande 86 prosents fyllingsgrad for sine gasslager. 962 TWh for den veldig spesielt interesserte.
Status for båtane:
• WilForce fekk første lass under halvårskontrakten i Damietta 2. september for levering Huelva / Portugal. Deretter rett over dammen til Trinidad med ankomst Point Fortin d.d. Trinidad er ein betydeleg eksportør med ca. tre båtar ut frå Point Fortin kvar veke.
• WilPride nærmar seg Punta Europa Terminal i Guinea, 70 dagar etter forrige levering.

Fearnley auka ikkje anslaget denne veke for dei gåande ratar.
I månadsskiftet var ratane til Fearnley for våre båtar:

East of Suez 155-165k CBM $73,000
West of Suez 155-165k CBM $90,000
1 Year T/C 155-165k TFDE $145,000

Etter voldsomme byks nådde ratane forrige veke dette nivå:
East of Suez 155-165k CBM $150,000
West of Suez 155-165k CBM $145,000
1 Year T/C 155-165k TFDE $143,000

USA: Mens Freeport er forsinka med minst ein månad ut frå tidlegare estimat, ser det ut som om andre trinn av Calcasieu Pass er i ferd med å få opp volumet med tre leveransar forrige veke.

EIA kom med septemberrapporten forrige veke; Short Term Energy Outlook.

“U.S. LNG exports in our forecast average 11.7 billion cubic feet per day (Bcf/d) in 4Q22, up 1.7 Bcf/d from 3Q22. Factors that will affect the volume of LNG exports in the coming months include the planned outage at Cove Point in October and Freeport LNG resuming partial operations by mid- to late-November. We forecast LNG exports will average 12.3 Bcf/d in 2023.”

Dette siste anslaget er viktig å merka seg for oss som trur at den totale balanse i 2023-markedet er god:
12.3 Bcf/d er ned frå det tidlegare anslag før sommaren på 12.6 Bcf/d. Differansen er 30 lass (av ca. 6000 på årsbasis).
Spennande tider!
Lynmann
25.09.2022 kl 23:14 2702

Plutseleg nærmar me oss overetablering innen shipping igjen.
Danske ShippingWatch:
"11% extra container ships in 2023 could tilt market and add pressure on earnings.
An increasing number of new container vessels will be delivered next year, resulting in supply exceeding demand. In 2025, capacity will be 30% higher than prior to the pandemic, adding pressure on freight rates. A high number of privately owned carriers poses a problem to discipline, according to Barclays.
https://shippingwatch.com/carriers/Container/article14388217.ece?utm_campaign=ShippingWatch%20Newsletter&utm_content=2022-09-09&utm_medium=email&utm_source=shippingwatch_com

Det var altså containermarkedet.
LNG: På tross av nye miljøkrav til ein tredjedel av LNG-flåten, forsvinn ikkje desse båtane neste år.
Siste innlegg på denne tråden samt innlegget av 7. september bremsar litt på den voldsomme trua på ratar som vil gå i taket i vinter. Eg trur WilPride sin 3-års kontrakt i framtid vil framstå som heilt ok!

Finansavisen i går om Petter Haugen i ABG sine analysar:
"Selv om Haugen fremdeles er positiv til tank og LNG, er det ikke helt skyfritt i krystallkulen hans.
Heller ikke i LNG-markedet er utsiktene helt rosenrøde da den underliggende tonn-mil etterspørselen har vært negativ hittil i år på tross av vekst i volumene. Hittil i år er amerikansk eksport 16% høyere enn samme tid i fjor, men tonn-milene disse volumene genererer er faktisk tre prosent lavere enn i fjor. Særlig skyldes dette at amerikansk eksport som tidligere gikk til Asia, nå heller går til Europa som er omtrent halve distansen."

Om LNG-aksjar:

"I LNG-shipping mener vi Flex LNG er fullt priset, men Cool Company, med en tiltagende grad av spoteksponering, har langt mer oppside. Vi har et prismål på 190 kroner."
Lynmann
12.10.2022 kl 21:59 2543

Nye byks frå Fearnley i dag:
East of Suez 155-165k CBM $275,000 +$25,000
West of Suez 155-165k CBM $275,000 +$45,000
1 Year T/C 155-165k TFDE $182,500 +$2,500

Dette er lovande for WilPride som la til kai i Rotterdam i går, tilsynelatande omdirigert frå Cadiz etter lasting ved Punta Europa Terminal 23.september. 3-års kontrakten med usd 90k pr dag startar ikkje før ein eller annen gong i desember. Med forventa Q3-presentasjon 27.november på ein liten million dollar i minus, vert resultatet pr 30.9 ganske nærme usd 5M, mot ca. usd 15M på tilsvarande tidspunkt i fjor.

Q4 er lovande.

WilPride kan få to turar til innen kontraktsstart. 45 seglingsdagar til fantastiske ratar, på toppen av dei kontraktsfesta usd 110k som WilForce seglar inn dagleg fram til 10.februar. Awilco vil sikra aksjonærane eit glimrande Q4, under forutsetning av kontraktsstart primo desember. Faktisk ville ein sein kontraktsstart og ein tredje tur for WilPride sikra Awilco best-ever kvartalsresultat.

Med aksjekursen tilbake på 7 kroner, var utgangspunktet for denne tråden ein kurs på 10 kroner. Kursen kviler på ein ny kontrakt for WilForce. Kan dette skje før Cool Company passerar 200 kroner?
Ja, kvifor avstår Flex-aksjonærane frå ein stor, sikker gevinst komande halvår?
Cool og Awilco tilbyr 30-40% vekst med 95% sikkerheit!

Hellboy, med Flex nest øverst i porteføljen, kva seier du?

Status USA: Ingen ny melding frå Freeport sidan 27.august:
«It is anticipated that initial production can commence in early to mid-November, and ramp up to a sustained level of at least 2 BCF per day by the end of November”.

Derimot gjekk fire båtar frå Calcasieu Pass i forrige veke, mot to båtar veka før.

Gasslager i Europa:
Utenfor Finnmark akkurat no seglar Hong Kong baserte ‘LNG Dubhe’. Skipet kjem frå Sabetta / Russland som eksporterar 6 laster kvar veke. Oppgitt destinasjon: «NW Europe». England har fyllingsgrad på 100%, med god hjelp av leveransar frå Sabetta.

Status EU: Gasslagring har passert gledelege 91% fyllingsgrad etter ei veke med stillstand, mot 83% for ein månad sidan.
Hellboy
12.10.2022 kl 22:12 2541

Hehe, godt spørsmål Flash. "Hellboy, med Flex nest øverst i porteføljen, kva seier du?"

Nå er Flex nest øverst i porteføljen min, og gir gode utbytter. Og om jeg selger så blir det Helvetes mye skatt. Og som Hellboy så foretrekker jeg å være ute av Helvete og heller nyte en god sigar og god drikke.

Har jo fått Cool opp på 6. plass og ALNG på 10. plass. De to har jeg planer om å kjøpe mer i (for eksempel for utbyttet fra Flex som er spikret). Og gi meg litt tid så får jeg en god del kroner inn på ASK`en hvor ALNG er og Cool ikke kan være. Men Fredly har kålet til og utsatt betalingene fra Hunter. Så da får vi se hvor ALNG havner på min interne rangering av største investering ;)

Men må innrømme at jeg er imponert over hvor godt du følger med på skipsposisjoner. Og takk for oppdateringen om de.


Lynmann
19.10.2022 kl 23:04 2403

Etter 30% oppgang har me fått to mindre skyer på himmelen.
Litt sol også:
Kina nærmar seg vinter og er på kjøparsida igjen. LNG må sikrast framfor vinteren, etter at hensynet til Cowid reduserte industrielle aktivitetar store deler av 2022. Når Kina avsluttar re-salg til Europa, vert det behov for dobbelt så mange båtar for å frakta kontraktsfesta amerikansk gass den lengre veien til Kina.

Mørke skyer?
1. Markedet reagerte hardt på eksplosjonen ved Freeport i juni, den største eksportøren i USA. Først kom opplysning om nokre vekers produksjonsstans. Deretter kom informasjonen om eit kvartal tapt. 60 laster forsvann og spotmarkedet fall som ein stein.
Måndag vart ein like stor eksportør ramma. Nigeria LNG fekk flom som går ut over tilførselen av gass til 6 viktige produksjonslinjer på Bonny Island. Nigeria LNG har erklært Force Majeure etter at samtlege tre tilførselslinjer har stoppa leveransane. PRISM AGILITY kom seg ut i går med siste last for levering Tyrkia. Når går neste båt?
www.reuters.com/business/energy/nigeria-lng-declares-force-majeure-flooding-disrupts-supply-2022-10-17/

Umiddelbart er ingen ting kjent om kor lenge det store anlegget er ute av drift, eit anlegg som allerede hadde redusert leveransane til i gjennomsnitt 4 båtar pr. veke, men regnsesongen vil normalt vara til ut i november.
1.4 millionar er heimlause, 600 liv har gått tapt og viktig infrastruktur er øydelagd. Kan me håpa at antal båtar som tapar avtalefesta transport begrensar seg til 30?
www.euronews.com/2022/10/18/floods-in-nigeria-threaten-liquified-natural-gas-supplies-to-europe

I den interessante samtalen som Finansavisen hadde med Flexsjefen i dag vart ikkje Nigeria nevnt med eit ord.
www.finansavisen.no/fatv/2022/10/19/7947922/skipene-hoper-seg-opp-flex-lng-sjefen-tror-ikke-festen-er-over

Ellers har europeiske gasslager passert 1.000TWh, tilsvarande 1.000 turar med Flex sine båtar. 1000 gonger årsforbruket til Drammen. Fyllingsgraden er på rekordhøge 92.7 prosent, mot 27 prosent ved utgangen av mars. Dagens fyllingsgrad tilsvarar 27.3 prosent av årsforbruket. LNG Dubhe som kom med russisk gass langs norskekysten forrige veke landa i Bretagne. Frankrike har dermed nådd ei fyllingsgrad på 99.1 prosent. England, Portugal og Belgia: 100 prosent.
Gas Infrastructure Europe - AGSI (gie.eu)

Etter 2 mndr uten oppdrag fekk WilPride ei last frå nettop Bonny Island til Kuwait, før det gjekk nye 2 mndr før neste last frå Vest Afrika den korte veien til Europa og Cadiz. Der oppstod neste problem som er i ferd med å utkrystallisera seg.

2. Utenfor Cadiz havna WilPride i kø med 6 andre båtar som ikkje fekk levert på grunn av manglande mottakskapasitet: Spania mangler nokon røyrledningar. Kallekleiv hevdar at 35 skip no ligg i ro, fullasta, med tru på at dei vil oppnå høgare prisar på gassen mot vinteren.
Interessant nok for oss, bekreftar han at det vil koma lite ny produksjon til markedet i 2023 og 2024 og at tonn-mil i år har utvikla seg "katastrofalt" på grunn av at fleire båtar har segla den kortare veien til Europa. Dermed er det vel også god balanse i fraktmarkedet??
www.reuters.com/business/energy/dozens-lng-laden-ships-queue-off-europes-coasts-unable-unload-2022-10-17/

Oljeselskapet som disponerar WilPride omdirigerte båten til Rotterdam. Heldigvis har Maasvlakte større kapasitet. Ikkje berre kan dei ta i mot 8.8 mtpa, men dei har utvikla seg til ein hub i beste nederlandske handelstradisjon.
"In late 2017 it was reported that the Gate LNG Terminal was positioning itself as a hub for receiving and then sending out LNG from Novatek's Yamal LNG Terminal in Siberia."
www.gem.wiki/Gate_LNG_Terminal

WilPride landar til helga på Saint John LNG Terminal i Canada.
GEM.Wiki:
"The Saint John LNG terminal is a liquified natural gas (LNG) receiving and regasification terminal located adjacent and immediately east of the Canaport crude receiving terminal. Commissioned in 2008, it is Canada's first LNG terminal and the first LNG terminal built in eastern North America in 30 years. It is capable of receiving the largest LNG tankers in the world."
Det hadde passa fint for WilPride å henta ny last i gulfen, men det er ingen informasjon som tyder på at Freeport kan bistå med det første.
Freeport LNG Newsroom (newsrouter.com)

Kva skjer så i spotmarkedet? Det gjenstår å sjå, men Fearnley melde om ny vanvittig oppgang i dag for våre skip:
• East of Suez 155-165k CBM $325,000 + $45,000
• West of Suez 155-165k CBM $375,000 + $100,000
• 1 Year T/C 155-165k TFDE $185,000 + $2,500

Største importørar i 2021 var Kina med 21.3 prosent og Japan med 20 prosent. Europa totalt importerte 20.3 prosent. I år vil Europa koma ut som suverent største kjøpar.
GIIGNL2022_Annual_Report_May24.pdf

Hellboy med Flex nest øverst i porteføljen: Ta ein liten pause med LPG inn som erstatning for LNG; Avance Gas inn for Flex?
Mvh “Bekymret”
Hellboy
19.10.2022 kl 23:28 2426

Hehe. Gode betraktninger lynmann. Men lpg i stedet for lng? Bwlpg har kommet seg opp på tredje plads i porteføljen min uten at jeg har kjøpt eller solgt på en stund. Så jeg tar en ole brumm i stedet for enten eller :) så okeanis på topp foran flex og bwlpg. Blir pene utbytter fremover ;)
Lynmann
27.10.2022 kl 09:57 2257

Etter at Petter Haugen i ABG Sundal Collier indikerte balanse i markedet for transport av LNG i går vart milliardverdiar barbert bort frå våre selskap. Awilco og Flex ned 2.7% etter at Flex m.fl. hadde solid utvikling i USA dagen før. Verst gjekk det ut over Cool som vart straffa med 7.8 prosent, med vidare nedgang i dag.

Er det hold i analysen som går stikk motsatt vei av den optimistiske analysen til Danske Bank dagen før?

Fire argument går i mot Haugen:

1. Freeport: Midt i Atlanteren har første skip omsider oppgitt Freeport som destinasjon etter brannen 8.juni. Det ultramoderne Prism Courage la ut frå Huelva / Spania med 2. november som angitt dato for ankomst. Dette kan indikera at eit stort anlegg er i rute for re-start. Prism Courage er eit skip med mange tidlegare turar frå Freeport.

2. Bonny Island: Nigeria er hardt ramma av flaum der tre leverandørar av gass til LNG-anlegget erklærde force majeurie måndag forrige veke. Rystad Energy melde at
“about 3.8% of global monthly supply could be affected”. Måndag melde Montel media at Portugal vert ramma av ein planlagt leveranse over helga.

Likevel har 5 båtar gått ut siste 9 dagar, noko som er i samsvar med vekene før flaumen. Mens infrastrukturen ellers er hardt ramma, kan det virka som om korrupte shit-hole country Nigeria passar på denne delen av infrastrukturen. Ja, kanskje akkurat korrupsjonen er forklaringa.

Nigeria LNG Terminal Declares Force Majeure Due to Flooded Gas Fields (maritime-executive.com)

Tilsaman skipar desse to store anlegg normalt ut 6 båtar for kvar båt som går ut frå Hammerfest. Kapasiteten er 37 millionar tonn - den globale transport av LNG var på 370 millionar tonn i fjor. Det ser altså ut som om to store anlegg vil gå inn i 2023 med intakte volum. Dei 85 turar som gjekk tapt etter brannen vil koma som tillegg i 2023. Globalt vert produksjonen neste år kanskje 5 prosent høgare; som ca. 300 turar.

3. For oss som søkjer mange oppdrag for våre båtar, kan også tonn-mil diskusjonen trekkja i vår retning! Dette er motsatt av kva Petter Haugen resonnerar:

“Meglerhuset skriver at den massive økningen i europeisk LNG-import hittil i år reduserer tonnmil-estimatet for 2022, der det nå ventes en nedgang i tonnmil på fire prosent i 2022, fra tidligere ventet vekst på seks prosent. Med en negativ estimatrevidering på ti prosentpoeng i generell flåteutnyttelse reduseres LNG-rateestimatene.
På kort sikt venter meglerhuset at kombinasjonen av all-time-high "LNG-lagre på vannet" og en sterk kortsiktig contango i det europeiske gassmarkedet vil frigjøre betydelig antall ledige skip til markedet de kommende 1-4 månedene. Dette tror de vil føre til et umiddelbart press på LNG-spotratene og trolig også rater på lengre sikt, som nå også er på all-time-high-nivåer.”

Haugens argument kviler på at tonn-mil forholdet vil halda seg uendra i 2023. Kvifor det når Kina har sagt at dei i større grad vil benytta gassen sjølv framover? Amerikanske Fortune om den heilt spesielle situasjonen i inneværande år: “China has faced a trifecta of economic storms so far in 2022—including COVID-19 lockdowns, a deadly heat wave, and a property crisis”.

IEA:
Most of the relief for the European market so far in 2022 has been provided by the Asia Pacific region, where LNG demand fell by 7% (or 18 bcm) y-o-y as a result of a mild winter, high prices and Covid-related disruption in China.

However, China’s LNG imports could rise next year under a series of new contracts concluded since the beginning of 2021, while a colder-than-average winter would also result in additional demand from northeast Asia, further adding to market tightness.
www.iea.org/news/natural-gas-markets-expected-to-remain-tight-into-2023-as-russia-further-reduces-supplies-to-europe

4. Effekten av nye miljøkrav: 25% av den globale flåte vil kanskje bruka 5 dagar eller 14% lengre tid på rundturen. Dette representerar tapt fraktekapasitet på 3.5%.

Heller ikkje Fearnley er på Petter Haugen si side på kort sikt – ratane gjorde nye voldsomme byks i går:

East of Suez 155-165k CBM: $325,000 pr dag, opp $45,000
West of Suez 155-165k CBM: $375,000 pr dag, opp $100,000
1 Year T/C 155-165k TFDE: $185,000 pr dag, opp $2,500

Men Petter Haugen er jo ingen dumming. Følgjande forhold talar i hans favør:

• Tilveksten av skip: Av forventa 32 nye skip til markedet var 21 levert pr. september, 11 nye skal leverast i haust.
• Til verdensflåten på ca. 600 skip er 43 nye forventa neste år, meir enn nok til å ivareta auka produksjon.
• Gamle skip til hogging: Iflg. Clarksons er berre ein LNG carrier gått til hogging i år
• Og Haugen har rett når det gjeld hans “all-time-high LNG-lagre på vannet":

Totalt 35-40 spekulasjonsbåtar: Trur dette estimatet er for høgt. Utenfor Cadiz ligg 8 fullasta båtar. Nokon av dei ankom for over ein månad sidan. Båten Tenergy ga opp og gjekk nordover, ligg no i ro utenfor Jersey. Fyllingsgraden i europeiske gasslager er 93.8 prosent. Problemet for Tenergy m.fl. er at Frankrike, England og Spania har nær 100 prosent fyllingsgrad! What to do? Nederland kan vera løysinga, som for WilPride for ein månad sidan etter venting utenfor Spania. I mellomtida er det meir gass i deler av Europa enn dei kan ta i mot. Det er bra for prisnivået Asia er villig til å betala og aukar etterspørselen.

Spekulantane må i neste runde sjekka værmeldinga etter varmfronten lenger sør i Europa; nattetemperaturen går ned 8 grader i Madrid om ei veke!

Minner til slutt om kva som skjer over natta nyttårskvelden: 200 gamle skip må senka farten.
Hellboy
27.10.2022 kl 10:38 2245

Bra innlegg.

Håper forsåvidt at ALNG (og Cool) faller litt mer de nærmeste dagene. Kommer en god slump med utbytte min vei neste uke, og jo lavere kursen er, jo flere aksjer får jeg fylt på med. Enkelt og greit :D
rammern
28.10.2022 kl 11:19 2201

Utbytte klarer du å regne deg frem til ? Noen aksjer regnestykket er enkelt
Redigert 28.10.2022 kl 11:26 Du må logge inn for å svare
Lynmann
04.11.2022 kl 15:17 2075

Cadiz-situasjonen var forklaringa til Sunndal Collier for å svartmala vintermarkedet, med drastiske følgjer og milliardtap for LNGC-eigarane. Dette skjedde tysdag etter at Danske Bank måndag kom med svært positiv rapport med kursmål 195 på Cool, rett etter at CEO hadde invitert til utbytefest. Tysdag kjem Sunndal Collier med det dramatiske kursmål, plutseleg nedgradert til 135 kroner. Onsdag kveld kjem emisjonstilbod frå meglaren på 130 kroner..

Grunnlaget var ytterst svakt, som nevnt. Mønsteret er udramatisk venting utenfor Cadiz; tre veker før lossing i ei anna havn:
• Tenergy omtalt forrige veke gjekk vidare nordover og lossa i Dunkerque 29.10 og er på veg tilbake til USA.
• Iberica Knutsen hadde 4 veker venting utenfor Cadiz før lossing i Huelva med retur USA. Castillo de Caldelas var 3 veker utenfor Cadiz, lossa i Ferrol 3.11 og sette kurs til USA.
• Orion Sun gjekk etter 3 veker vidare mot Adriaterhavet.
• Palu LNG vidare gjennom Suez etter to veker
• Vivit Americas LNG vidare etter to veker til (velfyllte) Milford Haven

Dette mønsteret er ikkje veldig urovekkjande, på tross av eksempelet med Hellas Athina som går i ring utenfor Cadiz på 7.veke.

Eit 5. argument mot Haugens analyse:

Kontraktane inngått med USA i 2018 og 2019 var hovedsakleg fleksible mht sluttdestinasjon. Fram mot 2025 er nye kontraktar prega av Kina, som inngjekk 2/3 av dei nye kontraktane i 2021:
“China was the single largest signatory of fixed-destination contracts in 2021 with a share of almost two-thirds of the total volume.”
Gas Market Report Q4 2022 including Global Gas Security Review 2022 (windows.net)

www.reuters.com/business/energy/us-lng-exports-dip-october-more-cargoes-head-asia-2022-11-01/

Eit argument skal Haugen få i favør av hans tvilsomme analyse: Den årlege tilvekst av gass er kun 20 bcm; 20 milliardar kubikkmeter, eller som anlegget til Freeport. Volumet er uproblematisk å håndtera for den nye kapasiteten på 43 skip i 2023.
De som fekk kjøpt Cool på billegsalg bør senda han ei flaske god cognac til jol; Leopold Gourmel 15 Carat? Øvrige bør senda eit lass med kaktus til kontoret.

Øvrig status på kort sikt:
1. Etter flaumen i Nigeria er no utskiping frå Bonny Island redusert til 3 lass pr veke.
2. Eit anlegg i Malaysia har også erklært Force Majeure
www.gem.wiki/Dua_Malaysia_LNG_Terminal

3. Forrige veke rapporterte EIA 22 skip ut frå USA, 3 fleire enn gjennomsnittet etter brannen ved Freeport. Igjen gjekk 3 båtar ut frå Calsasieu Pass. I går melde EIA 21 båtar ut, 3 båtar frå Calsasieu Pass
4. Fearnley kom med uendra fantastiske ratar onsdag.
5. Gjenopning av Freeport ser derimot ikkje like lovande ut:

• “Husbåten”PRISM COURAGE med ankomst meldt 1.november ventar utenfor Freeport
• PRISM DIVERSITY med ankomst 17.oktober er omdirigert til Lake Charles
• PRISM BRILLIANCE ventar utenfor Freeport.

På Stillehavssida av Panama ligg Golar Snow og ventar på 5. veka for å gå gjennom kanalen. Ventar dei på Freeport? Kan me forventa at takten er tilbake til 4 båtar pr veke innen utgangen av året?

I tillegg til franske Total er koreanske SK E&S stor avtakar av gassen frå Freeport gjennom desse ultramoderne Prism båtane. Kapasitet: 180.000 m3 , ein heil TerraWatt time, årsforbruket til Drammen by.
Tysdag nådde Europa for første gong 95 prosent på sine gasslager, 1.060 TWh. Både Spania og Italia er p.t på 95 prosent, England 100 prosent.

Til forslaget om å kjøpa ein gamal båt for kjøp av gass til Nice Price og drifta rundt på sakta fart eit par års tid:

“Capital Gas has picked up the 138,000-cbm steam turbine Trader (ex-British Trader, built 2002) for between $26m and $28m. They said it has been fixed out to Chinese charterers at a rate of about $160,000 per day.”
Nokon som har pengane?
Long?
Gjekk Hellboy over til LPG?
165 seglingsdagar og bruttoen er i boks!
www.tradewindsnews.com/gas/capital-gas-snaps-up-its-first-secondhand-lng-carrier-as-market-hots-up/2-1-1343937