Global Ship Lease

NetromK
GSL 31.07.2022 kl 19:58 7667

Global Ship Lease

Her kjem eit lite samandrag om Global Ship Lease og deira drift.
Til info kjem selskapet med Q2-rapport 04.08.22.
Tal nordnetkundar 31.07: 230

Global Ship Lease eig containerskip dei leiger ut, som andre selskap som MPCC, Danaos, Ernst Russ, Euroseas m.fl. Flåten bestod inn i 2021 av 43 skip, eit av dei er solgt. Dei kjøpte så i 2021 23 brukte skip for 498mUSD, så talet på skip skal no vere 65 om eg ikkje har oversett noko.
Ganske likt tal som hos MPCC, men storleiken på skipa er i gjennomsnitt betydeleg større sidan mange av skipa er >5000 TEU.

Earning per share (EPS) Q1 2022 var 1,91 USD/aksje. I dag står kursen til selskapet i 18,72.
Tal aksjar i selskapet er i underkant av 36 millionar.
Kursen har svinga veldig på kort tid, og både 52 veker høg og låg ligg ikkje langt bak oss.
Høg 30,02 mars 2022, låg 14,62 juli 2022.
2021 var det 4 utbyttebetalingar på 0,25 dollar/aksje.
2022 er beløpet auka 50% til 0,375/aksje.
I tillegg til utbytte har selskapet eit pågåande tilbakekjøpeprogram på 40mUSD der dei gjennom
Q1 kjøpte ca. 185 000 aksjar til ca. 26,6$ per stk. Ein kan sei timinga ikkje var optimal gitt at kursen har rast etter den tid. Snur ein på det vert eg overraska om ikkje dei har handla betydeleg aksjar og helst brukt heile ramma no gjennom Q2. Dei kjøpte også aksjar Q3-2021.
På lågaste kurs kunne ein kjøpt ca. 7,5% av aksjane i selskapet for eksiterande ramme.
Omsetjinga i aksjen er høg frå januar 2021 av med nær alle månader med omsetjing >10 mill aksjar. April 2022 over 30 mill aksjar, og nesten alle uteståande omsatt ein gong. Altså føregår det nok mykje trading her.

Utsikter:
Fundamentale forhold er litt som for andre selskap. Ein kan lese mykje om dette t.d i MPCC Bull trådane her inne. Ein forskjell er at skipa er betydeleg større, med fordelar og ulemper det kan ha.
Her som oss andre gjorde ein handelboom kombinert med nedsteningar og traffikkork 2021 ellevilt kva angår inntjening samanlikna med 2020, og 2022 vert truleg ei ny dobbling om ikkje litt meri frå 2021. Mange skip har veldig solide kontrakter i 3-5 år.
Resesjonsfrykt er nok det som i størst grad har dratt ned kursane i det seinare, saman med fall i spotrater. Men, utleigerater har holdt seg sterkt, og berre for få dagar sidan kunne ein sjå i rapportar at skip tilhøyrande GSL er forward-fixed frå 2023 av og 5 år fram i tid.

I tillegg: i Q2 og Q3 2022 gjekk/går 10 av GSL sine skip over på nye kontrakter, og det er ikkje små summar det er snakk om i dagleg rater, eller i endring for den saks skuld:
Kumasi 9300-> 38 000/d
Akiteta 9300-> 32 000
Manet 12 850-> 32 000
GSL Valerie 13 250-> 35 600
Dolphin II 24 500-> 53 500
ZIM Europe 14 500-> 24 250
UASC Al Khor 34 000-> 65 000
Maira X 31 650-> 65 000
Matson Moloka 20 250-> 36 500
GSL Rossi 20 000-> 38 870

Mykje å merke seg, kanskje spesielt dei to skipa på 65 000$/d. Ved evt. cash break even på ca. 10 000$/d vil disse over sine femårskontrakter dra inn netto ca. 5,5$/aksje aleine. Og aksjekursen var altså nettopp nede under 15.
Dei ti kontraktene aukar dagleg inntjening med ca. 210 000$/døgn og med det netto inntjening omtrent det same då break-even ikkje skal forandre seg særleg. Dette er nok til å auke kvartalsvis EPS med ca. 0,5$ per aksje frå 1,9 til litt over 2,4, dette utan å ta med tilbakekjøp i reknestykket.
Altså, med dette kan EPS 2022 truleg verte i området 9-10$/aksje. P/E då under 2, og kanskje ned mot 1,5 på lågaste aksjekurs og med evt. EPS 10$.

Frå denne vekas Seasures, forward-fixing av GSL sine skip:
=GSL Susan= Pmax 4363 Hyundai Mipo 2008 – CMA CGM – 5 yrs USD 39000
=CMA CGM Jamaica= Pmax 4298 Hyundai HI 2006 – CMA CGM – 5 yrs USD 39000
=CMA CGM Sambhar= Pmax 4045 CSBC Kaohsiung 2006 – CMA CGM – 5 yrs USD 39000
=CMA CGM America= Pmax 4045 CSBC Kaohsiung 2006 – CMA CGM – 5 yrs USD 39000

For GSL Susan er rate 22 000/d og dei tre andre 25 350/d. Dei vert altså leigde til langt ut i 2027 så sant disse kontraktene startar medio 2023 og ikkje er ei forlening av pågåande kontrakter som ein har sett tilfeller av inni mellom. Altså vil inntjening etter alt sannsyn halde fram å stige også i 2023.

Oktober 2021 rekna Mintzmyer gjeld til ca 1,1 milliardar dollar og flåteverdi til i underkant av 4,5 milliardar. NAV per aksje den gong 62$. Samtidig satte han Fair value 45$/aksje som er gjentatt fleire gonger på twitter. Selskapet saman med Danaos og nokre andre er blant favorittane hans innan shipping. Og, lessors (utleigeselskapa) skal fylgje etter linere i ein containersyklus og vere meir attraktive når rater for linere faller.

I Q1 rapporten 2022 er det oppgitt net debt 1078 mm$ desember 2021, som skal falle til 913 des. 2022 og 742 des. 2023. Cost of debt er betydeleg ned no frå åra 2018-2020.

I same presentasjon viser GSL til at ordrebestillingar i 2000-9999 TEU storleik utgjer i underkant av 12% av noverande flåte. Og viss skip eldre enn 25år vert skrapa vil auken i flåten berre verte 3% innan utgangen av 2024.

Kursmål:
På investing.com ligg ned 3 kursmål med alle anbefaling kjøp (veit ikkje frå kven) på 30-35 og 38 dollar. Gjennomsnitt 34,33 og nesten dobbelt av noverande kurs.

Wall Street Journal oversikt kurmål:
Stock Price Target GSL
High $38.00
Median $32.50
Low $22.00
Average $31.25
Current Price $17.37

Mintzmyer sin siste "fair value" var 45$/aksje.

Meglarhus med analysar skal vere:
B.Riley FBR
Clarkson Platou Securities (med Frode Mørkedal)
Deutche Bank
Fearnley Securities
Jefferies

Artikkelen til Mintzmyer lenkja til på slutten er anbefala. Er også ein del andre artiklar ein kan kikke på i tillegg til kvartalsrapportar siste året og to.
Kvartalspresentasjon med flåteoversikt viser litt korleis stå er, og kor mange veldig sterke kontrakter GSL har inngått. Kommentarfelt i artiklane inneheld ofte ein del ny relevant info, og litt meir om risk-sida.

Kva Mintzmyer skriv om «counterparty risk»:
“Backlog Counterparty Risk
GSL's backlog also depends on liner companies like COSCO, Hapag-Lloyd, and ZIM making their contract payments. This should not be an issue; however, if freight rates plummeted in the next couple years and the situation was exacerbated by a global recession, then long-tail revenues could become more in question. Liners are making record profits this year and all of them have cleaned up their balance sheets, so I don't foresee any near- or medium-term risk; however, if situations markedly changed, this could be a risk for the out-years 2025+.”

Disclaimer: Eg eig akjsar/sitt long I GSL.
NB: Dette er ikkje investeringsråd, men informasjon. Investeringar er på eiget ansvar og må vurderast nøye av kvar enkelt.
NB 2: Feil i tekst kan førekomme. Vert dei påpeika vil eg mogleg endre i hovudinnlegget, men i så fall skrive endringslogg i botn.

Oct. 13, 2021 Buy Global Ship Lease: Profit From Tight Supply Chains (Mintzmyer)
https://seekingalpha.com/article/4459541-profit-from-tight-supply-chains-buy-global-ship-lease

Global Ship Lease presentasjonar:
https://www.globalshiplease.com/investors/events-presentations
Nyheiter:
https://www.globalshiplease.com/investors/news

Jul. 18, 2022 Global Ship Lease Comes With A 9.5% Yield And A 50%+ Discount To NAV (Sismanis)
https://seekingalpha.com/article/4523893-global-ship-lease-high-yield-50-percent-plus-discount-to-nav
Jul. 20, 2022 Global Ship Lease: Betting Big On Shipping (Ali)
https://seekingalpha.com/article/4524491-global-ship-lease-betting-big-on-shipping


Redigert 02.08.2022 kl 07:42 Du må logge inn for å svare
NetromK
09.11.2022 kl 16:19 508

Nytt sterkt kvartal, kjem tilbake med vurdering seinare ved betre tid. For eigen del auka eg behaldning ytterlegare i dag.

https://www.globalshiplease.com/news-releases/news-release-details/global-ship-lease-reports-results-third-quarter-2022
NetromK
13.11.2022 kl 13:41 467

Q3-rapport
Revenue 172,5 mUSD (138,6 Q3 2021)
Net Income normalized 87,5mUSD (63,1)
EPS normalized 2,38 (1,74)
P/E basert på EPS 2,38 og aksjekurs 19,07 = 2,00

Ein ser altså 24,5% auke i revenue, og 36,8% auke i EPS frå Q3 2021.
Og EPS vil stige i fleire kvartal endå pga. forward fixa skip som skal på nye kontrakter gjennom 2023 og 2024. Inngåing av kontrakter på 770mUSD på eit kvartal er solid, og spesielt dette kvartalet med gradvis meir usikre utsikter. Også tilbakekjøp av aksjar vil drive opp EPS. Reduksjon av gjeld, og renter på gjeld drar utgiftssida gradvis ned, som igjen aukar EPS. I tillegg er renter hedga mot oppgang.

Backlog opp til 2,23 milliardar dollar per 30.09.22. Godt opp frå 1,9 mrd. per 30.06.22, og vekta varigheit stig samtidig frå 2,6 til 2,9 år.
Gjeld er no tett på 1 mrd. dollar.
«$262.9 million cash on balance sheet at Sep. 30, 2022; $165.2 million constrained²»
Skrapverdi på 400$/LWT (konservativt per siste 2 år) indikerar I fylgje GSL 164mUSD for 23 skip kjøpt Q4-21, gangar ein dette opp til heile flåten på 65 skip er ein tett på 570mUSD. Dette er ein sum nær 16 dollar/aksje!

Og endeleg fekk ein tilbakekjøp igjen, nær 2,5% av uteståande A-aksje kjøpt på 2 månader. Og framleis har ein 20mUSD igjen ein kan handle for.
«- Continued to utilize the $40.0 million authorization (the “Buy-back Authorization”) for opportunistic share repurchases, repurchasing a total of 875,956 Class A common shares during September and October 2022 for a total investment of $15.1 million. Re-purchase prices ranged between $15.51 and $17.95 per common share, with an average price of $17.22. A total of 1,060,640 Class A common shares have been repurchased under the Buy-back Authorization, for approximately $20.0 million.”

Altså, backlog på 2,23 mrd USD, gjeld på 1 mrd USD. Cash 263mUSD og skrapverdi 570mUSD.
Og aksjeprisen er no så vidt over 19 dollar. Endå er også verdien av skipa langt langt over skrapverdi.

https://www.globalshiplease.com/news-releases/news-release-details/global-ship-lease-reports-results-third-quarter-2022