Nynorsken er på plass i NTB. Nynorsk Pressekontor (NPK) og Norsk Telegrambyrå (NTB) feirar si første påske under same tak, og startar no for alvor det nære samarbeidet som har vore planlagt og førebudd i over eitt år.Det første synlege beviset på det nye samarbeidet er ei internetteneste på nynorsk for nettaviser og andre digitale aktørar. Denne tenesta blir lansert i løpet av våren, og målet er å kunne levere 15-20 saker i døgnet.Nynorsk Pressekontor vil bestå som organisasjon og stifting. Produksjonen i NPK og NTB blir integrert. Det betyr at NPK får full tilgang til NTBs omfattande nyheitsproduksjon som grunnlag for ei oppgradert nyheitsteneste.- Denne løysinga set oss i stand til å tilby ei aktuell og profesjonell nyheitsteneste på nynorsk. Gjennom dette får vi også eit svært godt utgangspunkt for å utvikle nye tenester på nynorsk, seier ansvarleg redaktør og dagleg leiar Arne Sigurd Haugen i NPK.- Samarbeidet vil gjere det enklare for alle norske medieverksemder å få tilgang til stoff på nynorsk, seier styreleiaren i NPK, Audun Heskestad.Sjefredaktør og administerande direktør Pål Bjerketvedt i NTB er glad for samarbeidet.- Dette er ein vinn-vinn situasjon. Samarbeidet styrkjer NPKs mangeårige posisjon som hovudleverandør av nyheiter på nynorsk i Noreg, medan NTB styrkjer sin posisjon som det nasjonale nyheitsbyrået ved å utvide produktspekter og nedslagsfelt, seier Bjerketvedt. (©NTB)