Dagleg leiar i Capra Consulting, Aslak Ege, skreiv 8. mars eit innlegg om at kompetanseutviklinga i IT-bransjen lid som følge av at stadig fleire konsulentar vél å bli sjølvstendig næringsdrivande. Han maler eit bilete av at sjølvstendige IT-konsulentar er grådige, late og – etterkvart – utdaterte.
Det er ikkje rettferdig, og det er ikkje riktig. For meg vitnar dette anten om låg tillit til flinke folk, eller, kanskje meir sannsynleg, ei aukande uro for innverknaden denne nye trenden vil ha på eiga verksemd.
Konsulentselskapa bør starte med å stille seg sjølv spørsmålet om kvifor så mange dyktige konsulentar tek dette valet. I vårt daglege virke pratar me med mange sjølvstendige konsulentar kvar veke. Me stiller alle samme spørsmål: «Kva var motivasjonen for å bli sjølvstendig?». Svaret som går att, er at konsulentane har stilt seg sjølve spørsmålet om kva dei får att – opp mot kva dei gir – som tilsette i eit tradisjonelt konsulentselskap. Når svaret på spørsmålet er at dei kjenner at dei gir meir enn dei får tilbake, går resten av tankerekka av seg sjølv.
Påstanden om at sjølvstendige konsulentar ikkje bruker tid på kompetanseutvikling, og at læringskurva i bransjen går ned som ein konsekvens av at fleire blir sjølvstendige, framstår som rein gjetting.
Folq gjennomførte i fjor den, så langt me kjenner til, største undersøkinga blant sjølvstendige konsulentar fram til no. Her svarte 92 prosent at fagleg utvikling som sjølvstendig er tilnærma lik eller betre samanlikna med tidlegare stilling.
Den største mangelen i Ege sitt resonnement om kompetanseutvikling er at det legg til grunn at denne må skje gjennom kurs eller internt i konsulentselskapet. Han vektlegg ikkje at den viktigaste kompetansebygginga skjer på jobb, gjennom oppgåvene og utfordringane ein møter i kvardagen. Her har sjølvstendige konsulentar ein fordel: Dei har fleksibilitet til å velje kva oppdrag dei vil takke ja til, dermed kan dei også styre kva teknologi dei bruker tida si på.
Sjølvstendige konsulentar er direkte eksponerte for eigen relevans og salgbarheit, og vil kjenne konsekvensane av å «falle bakpå» direkte på sin eigen økonomi.
Den økonomiske tyngdekrafta, at kvar time ein bruker på kurs utgjer éin times tapt inntekt, gjeld like mykje for konsulentselskap som for sjølvstendige. Viss konsulentselskapa har vett til å sette av tid til kompetanseheving utanfor oppdrag for å auke avkastning på sikt, då synst eg me også skal ha tillit til at sjølvstendige konsulentar greier å gjere den samme prioriteringa.
Eldri Coll Mossige
Dagleg leiar i konsulentmarknadsplassen Folq